Kjære moglege deltakar,
Du er invitert til å delta i ei undersøking som legemiddelselskapet Novartis gjennomfører i samarbeid med NRF Sjøgrens.
Vi inviterer deg til å delta i ei nettbasert undersøking. Målet er å finne ut meir om erfaringane dine med Sjøgrens sjukdom, inkludert symptombyrde, behandlingsbehov, behandlingsopplevingar og bruk av helsetenester. Under finn du ei kort oppsummering av informasjonen i dette samtykket.
Korleis dataa du oppgir, blir behandla
Informasjonen du oppgir, vil vere anonym og konfidensiell. Vi vil aldri samle inn eller bruke data i resultata frå undersøkinga som kan identifisere nokon deltakarar. Alle data som blir samla inn som ein del av denne undersøkinga, vil bli behandla og lagra i samsvar med personvernlovgivinga. Ver merksam på at formålet med undersøkinga ikkje er å samle inn personopplysningar.
Del derfor ikkje personopplysningar som kan identifisere deg i fritekstfelt.
Novartis bestemmer kvifor og korleis dataa dine blir behandla, og er derfor
behandlingsansvarleg for dataa. Novartis vil behandle dataa du oppgir. Dette kan være: alder, kjønn, region i Noreg, utdanningsnivå, hushaldsinntekt, hushaldsstorleik, medisinske diagnosar, symptom og symptomgrad, behandlingar du har fått eller får no, bruk av reseptfrie legemiddel eller kosttilskot, tilfredsheit med behandling, etterleving av behandling, biverknader, bruk av helsetenester, reisetid til avtalar og oppbluss knytte til Sjøgrens sjukdom («dataelementa») for formålet med undersøkinga. Resultata vil bli oppsummerte av Novartis i ein rapport som skal delast med NRF Sjøgrens.
Novartis er lovpålagt å registrere alle rapporterte biverknader eller klager (her kalla «biverknader») som er knytte til produkta sine. Dersom biverknader blir rapporterte i undersøkinga, vil personleg informasjon, inkludert opplysningar om deg og rapporten din om biverknaden, bli registrert elektronisk og behandla for å rapportere biverknaden.
Personopplysningar blir behandla for å oppfylle lovpålagde plikter knytte til legemiddelovervaking, og for analyse og statistiske utrekningar i samband med overvaking av legemiddel/medisinsk utstyr. Opplysningane vil bli lagra i Novartis sin sentrale database. Dei vil berre bli lagra så lenge vi meiner det er nødvendig for å oppnå formålet, og så lenge gjeldande lovgiving krev og/eller tillèt det. Alle data vil bli behandla strengt konfidensielt. Dersom ein biverknad blir rapportert, kan dataa bli overførte til regulerande styresmakter, partnarar og farmasøytiske selskap innanfor eller utanfor EU og EØS, på ein måte som sikrar at konfidensialiteten til dataa og gjeldande krav til personvern blir ivaretekne.
Dersom du ønskjer innsyn i dei registrerte personopplysningane dine eller har spørsmål om korleis Novartis behandlar dataa dine i samband med denne undersøkinga, kan du kontakte personvernkontoret vårt på:
dataprivacy.nordics@novartis.com
NO260820_11768646